Om Odveig Klyve

Odveig Klyve er forfattar, gjendiktar og filmskapar. Ho har blant anna skrive ni diktsamlingar og åtte barnebøker. Dikt av Klyve er omsette til arabisk, engelsk, fransk, spansk, kinesisk, russisk, gælisk, hindi, punjabi, cannada, marrathi, oriya, malayalam,, rumensk, tysk, persisk, makedonsk, italiensk.

Klyve har ved framføringar av dikta sine samarbeidd med musikarar/ komponistar  som Terje Isungset, Eva Pfitzenmaier, Johan Egdetveit, Gjertrud Økland, Nils Henrik Asheim, Reidar Larsen, Odd Erik Ognedal og Stig Roar Wigestrand . 

Odveig Klyve har og hatt manus og regi på ei rekkje kortfilmar. Filmane hennar  er viste på  filmfestivalar i Europa, USA og India. I 2012 debuterte ho på Statens Kunstutstilling (Haustutstillinga), og på Les Rencontres Internationales, Paris med eit videoverk. Klyve er opprinneleg frå Hardanger, men bur no i Stavanger.

 

 
 
Foto: Tove Elin Berg

Foto: Tove Elin Berg